onsdag 27. mai 2009

En skolestil omhandlende perversjoner, en incestuøs, industriell revolusjon og verdens galskap


I dag var dagen for nynorsk eksamen, og jeg skrev det jeg selv anså for å være en forrykende god tekst. Hadde det ikke vært slik at strenge krav til anonymitet stilles til eksamensbesvarelsen skulle jeg ha postet den her. 
Men frykt ikke. Til anledning eksamensøving hentet jeg frem tentamen jeg avla tidligere i år og jeg mener den er verdig offentliggjøring, så da blir det litt finkultur allikevel.
Håper dere liker den bedre enn hva norsklærerinna mi gjorde.

Salige er dei som onanerer

Eit kåseriliknande essay av Krister Kanck

”Her vil med alt vårt strev vera villmannskap i livet, til dess vi har lagt under oss all naturkraft, så vi får henne til å gjere for oss det tyngste og grøvste arbeid, så berre vi går og ser etter som oppsynsmenn.”

-       Aasmund O. Vinje,  Ferdaminne frå sommaren 1860

Jorda skrik. Dei diabolske ungane ho har gitt liv til, valdtek ho no etter tur, frenetisk og incestuøst. Ho gret sine tårar av sur nedbør, men til slikt har me funne opp paraplyar. Beina hennar sprikjar, drege til sida av oljetankaranes kløyvande kjøl. Ho slår om seg, piskar mot den stikkande kløen med sine frodande bølgjer, men til slikt har me funne opp demningar. Me held ho fast og valdtek ho etter tur, mens den eine av barna hennar filmar økta, med offeret; mor si, fornedra og gråtande, i hovudrolla - det er til slike filmar me har Discovery-channel. Mor vår, jorda, ho skrik, men det er til slikt me har funne opp hørselsvern og rock and roll - alt for å overdøyve støyen.

Profetien i innleiinga får, i all sin grimme dystopi, utfolde seg uinnskrenka, etter dei siste to hundre åra med teknologisk framgang, og den påfølgjande moralske tilbakegangen. Konsekvensen står tydeleg for oss, med sprekkane i ozonlaget, utdøydde dyreartar og den globale oppvarminga. Men elementet verdt å belyse er drivkrafta bak heile denne destruksjonen. Kor er samvettet? Det er til slike basale og innskrenkande magekjensar me har skapt Gud i mennesket sitt bilete.

Nokre av dei eldste tekstane som framleis blir siterte, handlar om korleis Gud - kosmos sin øvste autoritet - gjer mennesket fullmakt til å leggje jorda, og dyra ho huser, under seg. Det heile tek forma av eit moralsk maskeradeball, og ei billig legitimering av menneskeleg utnytting.

Når verda sine finaste hjernar skal beskrive drivkrafta vart dei øvste måla framheva som rasjonalitet, effektivitet og produktivitet slik at me, som Vinje formulerar det; ”...får henne til å gjere for oss det tyngste og grøvste arbeid, så berre vi går og ser etter som oppsynsmenn.” Oppsynsmenn som ikkje treng utvinna vass- og vindkrafta, men i latskap kan overvake prosessen. Er latskap drivkrafta som ligg bak effektiviseringa? Kanskje, men ikkje aleine. I likningane lagt fram manglar drivkreftene makt og fetisjisme på venstresida av er lik teiknet. Og i summeringa av likninga manglar både konsekvensane av tilgangen på makt, samt hugen etter ytterleg seksuell tilfredsstilling.

Jens Bjørneboe skreiv i si avhandling om menneskeleg råskap noko sånt som at ”...makt er evna til å påføre andre smerte.” Alt for mykje stemmer i denne setninga. Ein naturleg følgje av å ha makt over noko, eller nokon, medfører nødvendigheita av ikkje å sympatisera med det, eller den, underlegne. For korleis få utløp for sin kneblande makthug om me hadde empati med offeret? Framfor empati veks avsky for offeret fram. Jo meir me ønskjer å utnytte, jo grovare blir avskyen, og ekspanderer igjen mishandlinga. Sirkelen blir meir og meir vondsinna, og meir og meir evinneleg, da sjølvkonfrontasjonen berre sitt lengre og lengre inni oss. Det heile ebbar ut i fetisjismen - den seksuelle nytinga av å sjå vårt offer, vår eiga mor, knebla og fornedra.

Føregangspersonane innan den industrielle revolusjonen - jernbanearbeidarane og lokomotivførarane - fekk utløp for sine hardhendte perversjonar. Dette da dei gjekk frå barnleg onani over teikningane til ingeniørane - med tydeleg pornografiske undertonar - til uthogginga av kjølige og golde, vulvatiske opningar i fjellet. Tunnelar som deira fallosar av metall, mata av kåt kol, kunne penetrere. Etter dette har tunellane blitt djupare og lengre, togkukane lengre og tjukkare, og raskare; med ytterleg perforerande kraft.

Jaga av seksuell rus held ikkje lengre dei simple gledene til besteforeldra våre. Me er tørste. Me får ikkje ein gong antydning til ereksjon av låg fart. Nostalgi er arenaen for godsleg latter, men dei gamle lokomotiva og T-Forden er ikkje lengre klasse-A runkemateriale. Nei, me er ikkje nøgde før me får sjå mor vår med eit tjukt mannslem trykt så langt ned i halsen hennar at brekningane er kvelande. Me vil sjå mor vår penetrert i alle dei opningar me kjem over. Me vil fylla desse hola med spisse stag og flytande bly. Me vil feita ho opp og tyngje ho slik at ho ikkje slepp unna oss. Oss - hennar eigne barn.

For sin eigen del skulle ho tatt abort, men slik gjekk det altså ikkje. Me har fortsett med å slå rundt oss heilt sidan me slo oss ut av buken hennar, og me har lært ho å tie. Me er utdanna onanistar frå fyrste dag på barneskulen, og det endelege yrket, skikka oss menneske ved høgdepunktet av utviklig er ikkje oppsynsmenn, men pornografistar.

Samvettslause pornografistar er kva me er!

Et loco motiv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar